Saltverket 4a 4515 Mandal
Telefon: 91560989 Send oss e-post
Konsulent: Roy Michaelsen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Hva er MERKUR-programmet?

 

 

 

 

HVA ER MERKUR-PROGRAMMET?
Stønadsordningane til daglegvarehandelen i utkantstrok som vart innført i 1976 er frå 1995 omgjort til eit program, MERKUR  - merkantilt kompetanseprogram  for utkantbutikkane i regionane.
Nærings- og handels departementet (NHD)  utarbeidde programnotatet som framleis er rettleiande for arbeidet.
Fram til årsskiftet 1997/98 var programmet finansiert over NHD sitt budsjett. Frå 1998 vart dette ansvaret overført til Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og inngår nå som ein del av det arbeidet departementet gjer for småsamfunn.

Mål: 
Målstrukturen til programmet er tredelt (teneste, butikk, lokalsamfunn).

Teneste:
Legge til rette for at eit kvalitativt godt tenestetilbod i distrikta kan oppretthaldast gjennom vidareutvikling og styrking av eksisterande servicetilbod.

Butikk:
Sikre lokalbefolkinga i distrikta tilgang på ein daglegvarebutikk på eller like i nærleiken av heimstaden.

Lokalsamfunn:
Bidra til auka forståing i befolkninga og mellom politikarane for kva daglegvarebutikken har å seie for lokalmiljøet.

Verkemiddel:
Det viktigaste verkemiddelet til å oppnå måla ovanfor er kompetanseheving for å utøve funksjonen å drive ein daglegvarebutikk og å utføre andre service- funksjonar. Dette har styret lagt til grunn for sitt arbeid, men arbeid i høve til lokalsamfunnet blir stadig viktigare og har fått større vektlegging

Les mer om Merkurprogrammet her